Månedsmagasinet på Costa del Sol
Nytt fra Sjømannskirken (Mars 2022)

Del

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on email

To minutter med sjømannspresten

Historia om besøket frå Reitane

Heilt overraskande kom det ein fin sommardag besøk frå Folkestad, der mi mor var ifrå. Som ‘seg hør og bør’, skal no besøkande få traktering. Mor sette i gong på kjøkenet – ja, det er kjekt å få besøk, medan far sette seg godt til rette inne på stova, der praten gjekk livleg. Mor, som sto på kjøkenet, vart meir og meir heit i toppen. Det var no hennar slekt som var komen på besøk, og så vart ho ståande på kjøkenet. Til slutt gjekk ho inn og berre sa: Maria … Far forsto teikninga! Eg tenkjer på historia der Jesus kom på besøk til syskena Lasarus, Marta og Maria. Der Marta tok ansvar og stelte i stand mat for besøket, medan Maria sette seg ned og lytta til samtalen. Det var sikkert kjekt, men kven skulle då ta ansvar for det praktiske? Ikkje alle kunne gjere som Maria.

Vi treng Marta-ane. Vi treng dei som ser, tek ansvar, ofte arbeider i det stille og berre gjer det som må gjerast. Vi treng dei frivillige som kan gjere ein innsats på ulike områder. For vi har fått ulike evner og nådegåver, det snakkar Paulus om i Korintarbrevet.

År 2022 er Frivilligheitens år. Dette året skal ein feire Norges viktigaste arbeidslag! Alle lag, foreiningar, frivilligsentralar, kommunar og andre samarbeidspartnarar er invitert med til å synleggjere og aktualisere frivilligheiten, auke kjennskap og anerkjenning og til å få fleire med! Året er forankra i regjeringa si Frivilligheitsmelding. Det skal markerast frå nord til sør. Utan frivilligheit stoppar Norge opp! Kong Harald seier: «Det beste vi kan gjøre, er å være der for hverandre, se hverandre, huske å gi hverandre de gode ordene. Og bære hverandre om det trengs.» Sjømannskirken er velsigna med mange frivillige. Deira innsats, både synleg og usynleg, gjer at Sjømannskirken kan utføre sitt oppdrag. Så hugs: Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. Tenestene er ulike, men Herren er den same.

Så bli med på Norges viktigaste lagarbeid!

Leidulv Grimstad
Vårprest, Costa del Sol


Åpning av kunstutstilling

Det blir åpning av ny kunstutstilling med bilder av Svanhild Stub fredag 18. mars kl. 12.00. Svanhild Stub, f. 1957, er lærer i design og håndverk og kunsthistoriker fra universitetet i Trondheim, NTNU. Hun er også utdannet keramiker og jobber som kunstmaler. Hun har hatt verksted og atelier i Orkdal og Trondheim, men bor nå og jobber i Fuengirola.


Konsert på Sjømannskirken

Torsdag 7. april – Sjømannskirkens vårkonsert

Kirkens prosjektkor EC Singers, barnekoret fra Den Norske Skolen og talentfulle musikanter inviterer til sprudlende og vakker konsert! Konsertstart kl. 19.00. Billetter €10,– Barn gratis.


Påskebasaren 2022!

Velkommen til årets påskebasar lørdag 26. mars kl. 12–15! Her kan du kose deg med deilige karbonader, grøt, gode vafler og godt selskap. Det blir kontinuerlig salg av lodd med flotte premier, og du kan handle håndarbeid av god kvalitet.


Årsmøte

Det blir årsmøte etter gudstjenesten søndag 27. mars.


Påsken på El Campanario

Palmesøndag 10. april:
Konfirmasjonsgudstjeneste kl. 12.00

Skjærtorsdag 14. april:
Vandregudstjeneste kl. 12.00

Langfredag 15. april:
Pasjonsgudstjeneste kl. 12.00

Påskeaften 16. april:
Påskevigilje kl. 21.00

Påskedag 17. april:
Høytidsgudstjeneste kl. 12.00

Del

Share on facebook
Share on twitter
Share on pinterest
Share on email

Kanskje du også vil like

Søk på Det Norske Magasinet