Månedsmagasinet på Costa del Sol
Nytt fra Sjømannskirken (April 2023)

2 minutter med presten
Mange ting!
Kvar er hagesaksa? Ho ligg ikkje på den plassen eg meiner eg la henne sist. Har nokon lånt ho eller lånteke ho og ikkje lagt ho på plass att? Eg har no i alle fall tre hagesakser, men ingen er på den plassen dei skulle vere. Irriterande! Og akkurat no trengde eg ei.
Så kvar er dei? Eg gjekk gjennom ein indre dialog: ”Har du leita?” ”Klart eg har leita.” ”Du kan ikkje leite! Mannfolk kan aldri leite.” ”Ja, eg har høyrt det frå tidleg barndom.” ”Du finn ikkje fram i alle dei tinga du har!”
Har eg for mange ting? Tanken trefte meg meir enn eg ville. Og så utvida eg perspektivet, har vi for mange ting? Ja, og kva skal eg med alt eg har? Syng ikkje han Cornelius Vreeswijik: Du kan ingen ting ta med deg dit du går…
Eg skal innrømme det: Eg er ein samlar. Her er så mange ting som er ”kjekt å ha”. Og når eg først har fått tak i noko, så er det så vanskeleg å skulle kvitte seg med det.
Lao Tze levde i det 6. århundre før Kristus. Han sa det slik: ”Eig du meir enn 7 ting, så eig tinga deg.” Kva skal då ein gjennomsnittleg nordmann som eig mellom 3000 og 6000 ting seie? Ein japanesar, Famio Sasaki, gjorde noko drastisk. Han kvitta seg med 90% av tinga sine og resultatet vart at han blei ein lykkeleg mann. Sasaki er forfattar av boka ”Farvel ting” og må vel vere djupt ueinig med Øystein Sunde når han syng «Kjekt å ha, kjekt å ha. Ikke kast det, du får nok bruk for det en vakker dag.»
Eg fann ikkje hagesaksa, uansett kor mykje eg leita, ikkje ei einaste av dei tre. Til slutt gjekk eg bort til naboen min, om eg kunne få låne ei hagesaks? ”Sjølvsagt”. Det var ikkje nei i hans munn. Han kom med ei – og då eg såg nøyare etter, var det ei av mine sakser han kom med. Kven har lånt dei andre to?

Leidulv Ø. Grimstad
Vårprest, Costa del Sol

Program for 17. mai
10.00 Parróquia de la Inmaculada Concepción Arroyo de la Miel (ved togstasjonen)
Gudstjeneste i samarbeid med Den norske skolen.

11.00 Turistkyrkan i Fuengirola
17. mai-gudstjeneste

Nasjonaldagsfeiring på Sjømannskirken i Calahonda
13.00 Dørene åpner
• Salg av lunsj, pølser, brus og is
• Leker for store og små
• Kulturelt program


Frivillig på 17. mai?
Hvis du vil være med som frivillig og hjelpe til med gjennomføringen av vår nasjonaldagsfeiring, så send en e-post til Kristin Leite: kle@sjomannskirken.no.

Rune i pølseboden

Synge i mannskor på 17. mai?
Tradisjonen tro blir det mannskorsang på 17. mai. Har du lyst til å bli med og synge kan du melde din interesse til Magnus Køhn: mko@sjomannskirken.no.

Mannskor 17.mai

Kunstutstilling i Sjømannskirkens kafé
I månedene april og mai er det Bente Braaten som stiller ut sine bilder i Sjømannskirkens kafé. Utstillingen heter Fargerike dager! Bente Braaten har alltid vært interessert i form og farge. Hun har i en årrekke jobbet som grafisk designer. I kunsten sin arbeider hun hovedsakelig med figurative og abstrakte motiver i store og mellomstore formater, og med sterke, gode farger. Utstillingen varer frem til 1. juni.


Sommeravslutning for Tacofredag
Fredag 26. mai blir siste gang med Tacofredag før sommeren. Matserveringen åpner kl. 16.00. Vi spiller musikk fra anlegget og har aktiviteter som bading, bordtennis, triksekonkurranse, m.m. Velkommen til store og små!

Del

Kanskje du også vil like

© 2009-2019 Det Norske Magasinet – Norrbom Marketing.
Designed and developed by yummp.

Søk på Det Norske Magasinet

Planlagt vedlikeholdsarbeid: Lørdag 5. august 2023 fra kl. 08.00 vil det foretas oppdateringer på norskemagasinet.com. Vær oppmerksom på at nettsiden vil være utilgjengelig i perioden når det foretas oppdateringer. Det samme gjelder for NorskePLUSS mobilappen.