Månedsmagasinet på Costa del Sol
Nyheter fra Den Norske Kirken

2 minutter med praktikanten:

La oss feire!
Det er lett å tru at påsketida er over etter 2. påskedag. Påskeferien er over og kvardagen byrjar igjen. Difor ynskjer eg å kome med ei påminning om at påsketida faktisk varer 50 dagar etter Jesu oppstode. Påsketida er 50 dagar med feiring av den viktigaste hendinga i verdshistoria.

I denne tida er kyrkja pynta i kvite fargar. Kvit er fargen for glede, fest og reinheit. Me har mykje å feira og glede oss over. Jesu siger over døden gjev oss ei von om så mangt.

Historia om den bortkomne son, der faren heldt ein stor fest då sonen kom heim (Luk 15:11–32), er eit godt døme på noko me kan feira. Gud tek alltid imot oss med ein fest. Me kan alltid kome til Gud. Eit anna døme er at Jesus lover å vere med oss alle dagar så lenge verda står (Matt 28:20). Det tyder at me aldri er åleine. Jesus går med oss i kvardagen. For meg er den viktigaste vona at Jesu offer og oppstode gjev oss tilgang på evig liv (Joh 3:16). At livet er meir enn det som er her på jorda og at døden ikkje har det siste ordet.

Det er mykje me kan gleda oss over i påsketida. Så la oss lyfte blikket mot himmelen, mot Jesus, og la oss bli minna på alt godt i liva våre og vere takksame for det.
Likevel trengjer det ikkje vere slik at ein alltid kjenner livet går perfekt. Livet har sine oppturar og nedturar. Sjølv i desse tidene, når livet er tøft, kan me lyfte blikket, feire og gleda oss over at Jesus alltid går med oss, at Jesus alltid tilbyr trøyst, forsoning og ein veg ut av mørke.

Uansett kor me er i livet og kva som påverkar oss, kan me feire Jesu oppstode i mange dagar framover. Ynskjer deg difor ei framleis god feiring!

Mateo Norheim, praktikant

Kunstutstilling i Sjømannskirkens kafé

For tiden er det utstilling med Gabi_art i sjømannskirkens kafé.

Kunstneren heter Gabriela Pigliapoco og maler flotte akvarellbilder.
Utstillingen blir hengende til 25.juni, og bildene kan kjøpes.

Program for 17. mai

Nasjonaldagsfeiring på Sjømannskirken i Calahonda:

12.00   Utegudstjeneste i patioen

  • Salg av pølser, is, brus, vafler og kaffe
  • Leker for store og små
  • Kulturelt program

17.00   Arrangementet avsluttes

Velkommen til feiring, store og små!

Del

Kanskje du også vil like

© 2009-2019 Det Norske Magasinet – Norrbom Marketing.
Designed and developed by yummp.

Søk på Det Norske Magasinet

Planlagt vedlikeholdsarbeid: Lørdag 5. august 2023 fra kl. 08.00 vil det foretas oppdateringer på norskemagasinet.com. Vær oppmerksom på at nettsiden vil være utilgjengelig i perioden når det foretas oppdateringer. Det samme gjelder for NorskePLUSS mobilappen.
Secret Link